Tysdag 13. februar er Suldal kommune vertskap for Den norske filmfestivalen i Suldal. Kommunen har vore sponsor for Den norske filmfestivalen i Haugesund, og Suldals-festivalen er kome til som eit samarbeid mellom oss og Haugesund.
Det er med stor glede me nå kan få presentere programmet for festivalen vår:
- Den store skulefilmdagen: 5.-7. og 8.-10. trinn får sjå kvar sin film, Gutten og hegre + Sulis. Det blir innleiing av festivalsjef Tonje Hardersen frå Haugesund og Stian Olila frå LO. Dette blir arrangert i samarbeid med skulane.
- Filmundring: Ope for alle. Me viser filmen IBELIN, og det blir panelsamtale med Anne Jorunn Lunde, Håkon Underbakke og Alida Nielsen etter filmen, leia av Judith Sørhus Litlehamar. Til Filmundring må du kjøpe billett, og det er kaffi og kake inkludert i billetten.
Det er stor stas å få arrangere filmfestival, og me håper programmet fell i smak. Velkommen skal du vera!