Ein julekonsert med Moddi

Om arrangementet

Me gjentek den fantastiske opplevinga frå i fjor - det blir julekonsert med Moddi!

Ein julekonsert med Moddi.

Moddis stemme er for mange sjølve lyden av jul, etter at den unge senjaværingen vart handplukka av kronprins Haakon til å synge «Nordnorsk julesalme» under Slottets julekonsert i 2011. Sidan den gongen har musikken hans blitt allemannseige, og i fjor gav Moddi for første gong ut eit eige julealbum!

Moddi sjølv har eit komplekst forhold til juletida, på godt og vondt. «Eg har vanskeleg for å finne roa i alt stresset og forventningspresset» fortel han. «Difor ville eg lage ei juleplate om dei tinga eg skulle ønske jula handla om. Om å finne tilbake til kvarandre etter eit langt og hektisk år. Om å puste ut og høyre til der ein er.»

Albumet «Denne tida i fjor» er spekka av høgdepunkt, med gjesteinnslag frå Frida Ånnevik, Arktisk Filharmoni og ei nyinnspeling av nettopp «Nordnorsk julesalme».
«Eg har prøvd å lage ei plate som får fram kontrastane, både dei fine og dei vanskelege tinga. Eg trur det er fleire enn berre eg som treng det.»

På scena:

  • Pål Moddi Knutsen – gitar, flygelhorn, song
  • Katrine Schiøtt – cello, song
  • Sverre Laupstad – piano, song

Høyr:
«I desember» med Moddi og Arktisk Filharmoni: https://www.youtube.com/watch?v=djLsU_ujURU&feature=youtu.be
NRK-scena med Frida Ånnevik: https://tv.nrk.no/serie/nrk-scenen/2023/MKDU44003923#t=455s